lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår!

Livet er bra, synes Zeta. Venstre kne er bra og snart skal metallet i kneet fjernast. Håp om eit vanleg hundeliv i 2012 med mange fjellturar og skogsturar. Herleg, seier me alle 3 :-)

Fint å vera fri på golfbanen :-)


Godt nytt år!!

søndag 23. oktober 2011

Zeta på rehab

 Kjekt å vera liten Zeta!
Zeta, snart 11 mnd og på rehabilitering..
Bakgrunn: utviklinga gjekk ikkje heilt som planlagt. På tur i Hordnesskogen i juli vart Zeta halt. Det er ikkje greit å få problem med laus kneskål midt på sommaren. Ein litt annaleis somar enn tenkt for alle partar! Operert 7.sep. og nå i slutten av okt. ser det ut som om kneet er ganske så bra. Zeta er på rehab på AquaDog, behandling i varmt vatn. Kjekke greier sjølv om ho er litt skeptisk til å svømma. Litt av ein flat! Og nå kan ho få gå på tur i 20 min! framgang, framgang. Me gledar oss til dette er over, ikkje sant, Zeta?
Koz.....

fredag 1. juli 2011

Zeta på Løvstakken

1.juli og Zeta har vore på Løvstakken for første gang!
Fin fart heile vegen utanom litt strev i eit brattare klype, men ho kom både opp og ned der. Riktig nok med litt hjelp, særleg ned..
7 månadar måndag denne veka, så me prøver oss på litt lengre turar Ein sliten, men glad hund slappar av på plassen sin nå :))

torsdag 2. juni 2011

Zeta 6 mnd

Søte Zeta:))
Første tur til Fløyen. Det var kjekt!
Særleg når det var vatn overalt!!
Utsikt over byen med godbit til :))

torsdag 21. april 2011

Zeta, snart 5 mnd!!

Zeta mosar kosehunden sin; god kvalitet på IKEA-kosedyr!!
Zeta med langskankan sine, i fin posør:)
Ut på tur, her på Søråshøgda.
Zeta på Ormhilleren i Øygarden, skjærtorsdag 21.04.11. Her var det mykje nytt og så skummelt havet var. Både tang og rusk og rask fekk ein bjeff eller to :) Men ho fekk bada seg litt og etterpå var det "tusen plukk opp". Litt hjernetrim må til og så får Zeta arbeid for maten sin også :)) Men zøt, det er Zeta. Ikkje sant?

mandag 4. april 2011

Zeta Zurfer på nettet

Heile familen på data, klart at Zeta også er med i den digitale familien :)

søndag 3. april 2011

Zeta sporhund

Zeta har vore på sporkurs og det var kjekt!! Heile lina dirra når ho var i gang og spor kunne ho gå. Det vert meir sporgåing framover, heilt sikkert, seier Zeta :)
Nå er Zeta 4 mnd. og ca 14 kg. Snart ferdig med kvelpebitinga, håpar familien. Der er ho ganske utfordrande til tider, hol i ei buksa i dag...
Tysdag 5.april er siste dag med klikker-kurs. Då vert det bytur i Bergen sentrum. Spennande med bygater, seier Zeta, for ho har prøvd seg der før:) Og så mange kjekke folk som helsar på meg og beundrar meg, ikkje rart eigaren er ganske fornøygd med meg!!