mandag 31. januar 2011

Zeta, 9 veker i dag!

Zeta, født 29.11.10, er 9 veker i dag :) Ho er ein liten flatcoated retriever kvalp. Me fekk henne heim 21.jan. og det har vore litt hektisk i heimen etter dette. Zeta er svart og veldig fin!! Som kvalpar flest er ho både uroleg, småbitande og eit lite murmeldyr. Soving på teppe eller som nå, i denne sofaen i TV-stova saman med meg.. Og ho skal ikkje vera oppe i møblane..
God matlyst, ikkje stoverein, men det kjem etterkvart. Zeta har roa seg godt i heimen, men søv litt kort nattestid. Trøytt eigar!
Litt vondt i ytre øyrer, kanskje ein tur til dyrlegen ein av dagane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar