søndag 27. februar 2011

Vinterferie

Ut på tur i nysnø og vått terreng. Supert for ein flat som meg!!
 Snø:)))
Klatremus på jakt etter godbit!

fredag 25. februar 2011

Fredag og ro i heimen..

Omsider helg og vinterferie. Zeta har hatt ei lang og slitsam veka for det går ikkje så greit å vera i bur når me er på arbeid.. Godbitar i fleng, ikkje godt nok! Å vera saman med ein av oss i huset er det einaste som er OK, eller å jaga litt på kattane i huset. Det er også litt greit. I morgon er det kursdag - klikker-time. Det vert spennande. Klikker-lyden er alt innarbeida og ein lyd med belønning i vente. Nam, nam :))
 Fredagskveld 1
Fredagskveld 2

fredag 18. februar 2011

Utbrytardronninga Houdini Zeta!!

I dag skulle Zeta få heile gangen nede i 1.eta. til å få utfolda seg på. Trappa vart sikra med nyinnkjøpt grind, resten av trappa var dekka til på god måte (synes me..) for å unngå at Zeta skulle klara å koma seg opp. I lunsjpausen for å sjekka den supre løysinga, var overraskinga stor, ingen Zeta i 1.eta., men derimot oppe i stova! Rakkaren har pressa seg under nederste trappetrinn og klatra inn og opp på neste trinn. Deretter opp trappa og pressa seg inn øverste grind. Dette er ingen vanleg hund, men ein smart og kjapp superhund!!
Oppe i stova var det spor etter diverse små og stor "uhell", ein CD på golvet - musikkinteressert?-, kikka litt på ei kokebok og ellers alt OK, heldigvis. Nå er det bur igjen til sikringa er betre til klatrehundar!!
Klart eg skal vera i stova:))


torsdag 17. februar 2011

Nysnø på Nordås :)

Ut i den store verda!
 Hmm, kem har vore her før meg?

 Snøhunden frå Himalaya..

Godbit i vente?

lørdag 12. februar 2011

Nordåshøgda og tur i finvéret!

Nesten ikkje tid til å posera for fotografen..
Kem har vore her før meg?
Godbit! Angrip!
Vilter? Nei, dette er berre oppvarming..!!
Liten pause - jammen var det fint her:)

fredag 11. februar 2011

Jafs...........

Zeta held oss alle i ånde, men heldigvis ikkje heile tida.. Skarpe tenner, full fres og der sit me fast.. Diverse småsår på hender, armar og legger. Alternativ er godt å ha når ho kjem i full fart; tauleiker, godbit eller tomme papphylter, ein mopp er også fin:)
Ellers har det vore ei fin og interessant for Zeta; klassebesøk på Stend vgs, helst på nabohunden Maja - det var kjekt, nytt besøk til dyrlegen og nå er øyrene heilt fine. Mange kjekke folk på Stend dyreklinikk, synes Zeta; godbit, klapping og godord for kor fin ho er. Det likar me!
Mindre interessant er buret for Zeta. Huff så fælt det er å vera der, men me har kome heim og funne henne sovande i buret også. Så det går betre om enn smått. Vatn i buret er ikkje så vellykka, veltar det ut av stativet og rotar på. Kong med leverprostei er betre og favoritt:)
Berre eit lite jafs..!!

tirsdag 8. februar 2011

Ut i arbeidslivet

Måndag var Zeta med på jobben, dvs. på kontoret. Ettersom det var ein dag der elevane avspaserte, var me berre på kontoret. Der fann Zeta seg godt tilrette som biletet viser. Ho sov nesten heile tida, vaka litt når nokon ville klappa henne :) Og så ut og tissa etter behov. Meir og meir ut for å tissa osv. Dette går bra:)
Ei ekte kontorrotta..

søndag 6. februar 2011

Zeta hjelper til :))

Å, så mykje spennande det er her på kjøkkenet! Kanskje eg skal hjelpa litt til? Oppvask er passande jobb for meg, og så smakar det godt også!!
 Mmm, kjøttsaus med pasta...!
Nokre smular til meg? Please!

Helg i heimen

Best å vera i nærleiken...
Klar for ekspedisjon "Busk og kratt"!
Noko interessant her?
Eller her?
Her er eg!

Zeta har hatt ei fin helg. Tur i skogen og ute på fellesarealet her på Nordåshøgda. Alt like spennande! Med litt ekstra nysnø, skikkleg våt, var det ekstra kjekt å gå ut. Nordåshøgda er lufteplass for flerie hundar og det er ikkje alle som er like flinke til å bruka hundepose..!! Snø dekkar over det heile og då er det lettare å la Zeta vandra avgårde. Ikkje for det, ho er mest rundt beina mine. Litt forsiktig med andre ord..

fredag 4. februar 2011

På besøk på jobben..

I går var Zeta med på jobben, dvs. til klassen min. Elevane kunne ikkje venta lenger og besøket var vellykka. Zeta snusa rundt i klasserommet, nappa i enkelte av elevane og var ganske trygg på ny plass. Besøket varte ca. 15 min. og det var nok for begge partar!! Etterpå var ho på besøk på lærarrommet og der enda ho sovande på golvet etter alle inntrykka. Ellers var moppane til reinhaldaren ganske interessante!!

Blitur til og frå skulen var mindre kjekt, men litt godbit (hundefór) i buret hjalp eindel :))

 Ein lærarhund veit kva eit lærarrom skal brukast til!

Zeta klar til innsats :)

tirsdag 1. februar 2011

Dyrlegebesøk

I dag har det vore ein litt hektisk dag for Zeta. Ute i skogen overfor huset, leika og herja mellom einarbusker og lyng. Full fres, ned i groper, rundt buskene, gnaging på stikkande einar, snusa og fått stimulert seg supert.
Seinare i dag har Zeta vore til dyrlegen. Irritasjon i det ytre av øyra - god behandling av hyggeleg dyrlege, vask av øyrer og medisin.. Tilbake etter 10 dg. Dyrlegane på Stend er bra; dei stolar me på!!
Nå er det full utflating på stovegolvet. Kanskje det vert ei roleg natt også?? Me kan jo håpa...