fredag 4. februar 2011

På besøk på jobben..

I går var Zeta med på jobben, dvs. til klassen min. Elevane kunne ikkje venta lenger og besøket var vellykka. Zeta snusa rundt i klasserommet, nappa i enkelte av elevane og var ganske trygg på ny plass. Besøket varte ca. 15 min. og det var nok for begge partar!! Etterpå var ho på besøk på lærarrommet og der enda ho sovande på golvet etter alle inntrykka. Ellers var moppane til reinhaldaren ganske interessante!!

Blitur til og frå skulen var mindre kjekt, men litt godbit (hundefór) i buret hjalp eindel :))

 Ein lærarhund veit kva eit lærarrom skal brukast til!

Zeta klar til innsats :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar